Svanegrupper. Veien ut!

Svanegrupper er oppstart av eit behandlingstilbod for kvinner som har forlatt prostitusjon og ynskjer eit liv utan. Svanegrupper er for kvinner som snakker norsk, kvinner som ikkje er aktiv i rus og/eller kvinner som kan nyttiggjere seg gruppeterapi. Svanegrupper har eit omfang av veklege samlingar på omlag 2,5 timar i 19 veker. Svanegrupper er oppretta i eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger, Helse Stavanger, byprestene i Sandnes og HUSK Stavangerregionen. Oppstart av Svanegrupper skjer hausten 2011.

Oppstart av Svanegrupper i Helse Stavanger

Det nye behandlingstilbodet Svanegrupper blir starta etter modell av liknande tilbod og grupper i Danmark. Svanegrupperne i Danmark blir administrert av "Reden", som er ein del av KFUK sitt sosiale arbeide. I "Reden" kan kvinnene få eit pusterom frå den barske kvardagen på gata, dei kan få eit varmt bad, eit måltid mat, ei seng for natta og dei kan få hjelp og rådgjeving til å kome ut av prostitusjonsmiljøet. Les meir på www.reden.dk (under Nyttige linker).

- Gir håb og bygger selvtillit

"Det giver håb og bygger selvtillid op, så vi kan blive til hele mennesker med selvtillid og komme ud i samfundet. At vi tør være ude og producere. Det er skamfuldt at gå med at have været i prostitusjon, mange lider i stilhed. Det gælder også, når man har været stoppet i mange år". (Svanegruppedeltaker, Danmark).

Kven leiar gruppa?

Gruppa blir leia av psykolog Lena Hagelund frå OBS (Oppsøkende behandlingsteam, Helse Stavanger), og byprest Ingeborg Erikstein Krager, Sandnes. Kontakttelefon til gruppa er 978 20 770. (Sjå meir under Kontakt).